Svelgen.no | |
SMÅLÅTE 15.06.2001 Eg var verkeleg spent på kva for argumentasjon plan og utviklingsutvalet i Bremanger kommune ville legge på bordet til kommunestyret, dersom dei ennå ein gong ville velje å gå imot folkeviljen, om kva den grøne flekken i sentrum av Svelgen skulle brukast til. Og på møtet 5. juni vart katta slept or sekken. Når Elkem si verksemd i Svelgen har vald å avvikle 50 arbeidsplassar, var det smålåte om kommunen berre skulle applaudere. Ei skikkeleg premiering måtte være rettkome. Og kva var då meir naturleg enn å tildele ein oase, teken frå folket. Med slik ein kløktig argumentasjon mot seg, vert det nok vanskeleg for kommunestyret å etterkome folkeviljen, når dei den 19. juni skal handsame reguleringa av Svelgen sentrum. Plan og utviklingsutvalet har for fjerde gong endra reguleringsplanen for Svelgen sentrum, med det eine målet for auge, folket må ikkje få det slik dei vi. Denne siste endringa, der dei riv ned att høghusa dei prøvde å bygge for derved bevare beståande skur og la nye kome til kallar dei for småting som dei godt kan overkøyre folket på: at utvalet er farlege når dei køyrer slik, kan rådmannen skrive under på. Han har gong på gong blitt overkjørt av desse politikarane, seinast dagen han møtte utvalet på vegen Rugdundøy og Storøy. At mannen framleis er i stand til å stå oppreist er utruleg. Men om folket ikkje får behalde eit grønt miljø ute så får dei det praktfullt inne på rådhuset. Her vil dei, betalt av dei sjuke og gamle ved Svelgen bu- og service senter bli møtt av fargerike skilt der både lensmann og prest er påteikna. Kjære kommunestyret, la ikkje plan- og utviklingsuvalet tenke for dykk. Tenkt sjølve. Det er ikkje slik som Britt Midtbø, Kåre Jarl Langeland og ordførar Einar Kjerpeseth prøver å fortelje. Eit kulturlandskap kan ikkje ligge som det er om det ikkje vert nytta. Då vil naturen ta det tilbake og i beste fall har vi berre spora att. Når det gjeld Elkem, så har ikkje konsernet trong for den grøne flekken i sentrum for outsourcing av vedlikehaldsaktivitetar, konsernet har areal i overflod i Holmaneset og i kupa. Her vil det, om nødvendig vere plass til Bygg- og reinhaldsservice AS. Offentleg servicekontor på rådhuset kan trygt utestå til pengane fins. Ta ikkje frå dei gamle og sjuke til eit slikt tøvete prosjekt. Svelgen er ikkje større enn at folk finn fram til etatane der dei i dag er. Finn Steinset
|