Svelgen.no  

Frustrerte over politikarane   13.06.2001

Viser til Firdaposten 7. Juni og den godkjende reguleringsplanen for Svelgen sentrum

Når vi las Firdaposten den dagen var det med stor undring over alt det utrulege våre folkevalde presterer å legge fram av prosjekt, overskridingar, reguleringsplanar, og derav unødig bruk av skattemidlane våre.

Og vi bli sittande igjen nokså frustrerte over det vi les.

Plan- og utviklingsutvalet meiner endringane ikkje er særleg store, og at planen ikkje vert utlagt på nytt.

Vi meiner endringane er så store at dei krev ny utlegging.

Når det gjeld protest på industriområdet Rise, var det vel forventa frå grunneigarane, det er jo vanleg, når det gjeld gravplassen er det spørsmål om nærhet og kva industri som vert lagt nærast plassen.

Britt Midtbø vil la kulturlandskapet ligge som det er.

Vi tur det er lite kunnskap om areala det er snakk om hos medlemmane i plan og utviklingsutvalet. Området det er snakk om kan vel ikkje kallast kulturlandskap, det er rein og skjær utmark.

Arealet mellom Svelgselva og Riseelva er og vesentleg endra, og det på sterkt skremmande grunnlag. Det er tidlegare vist til at folket har fått lagt fram sitt syn og sine meiningar, og det er også sendt inn diverse klagar. Vi har eksempelvis på vegner av ein stor del av befolkninga sendt inn klage med underskriftsliste, kor folket har sag klart frå at vi vil ha nevnte areal liggande som friareal og parkanlegg.

Så ser vi til vår forferdelse en arroganse og hån frå plan- og utviklingsutvalet, som ikkje har sidestykke. Der står det svart på kvitt at det er Elkem og Bygg- og reinhaldsservice som bestemmer korleis sentrum skal brukast, folket bryr vi oss ikkje om. Først applauderes Elkem for nedleggging av 50 arbeidsplassar, så skal dei få bestemme over del av reguleringa i sentrum.

Om det er så viktig å få dei utflagga arbeidsplassane heilt inn til verket, kan det enten leggast innfor porten eller henvisast til fylkesmannen.

Vidare går vi ut frå at dei folkevalde aksepterer at det er folket dei skal tene i slike saker og ikkje enkeltpersonar sine ønske, når dei til dei grader går på tvers av kva folket vil.

Til slutt minner vi om at utgangspunktet for Bremanger Vekst er tre ting. Det siste av dei er trivsel med vekt på Svelgen sentrum. Har eller får vi trivsel?

Roald Løvfald, Finn Steinset, Bjarne Eikeset, Jon Eikeset, Guttorm Bjørnsen.