Svelgen.no |
Stor konsert av Bratland og Lien 31.05.2001
Annbjørg Lien må vere blant dei mest allsidige musikarane i landet – og det på eitt og same instrument. Frå fengande slåttar via rock og tekno til melodiøse viser og munter pop. Men ingenting av dette mangfaldet fekk vi høyre i Svelgen Kapell onsdag kveld. Her var det i stor grad Sondre Bratland som sat sitt preg på programmet med vemodige religiøse og kanskje litt kompliserte tonar i moll.
![]() Ei oppleving var det uansett - ikkje minst når vi kom til ekstranummeret "Gje meg handa di ven" som Sondre Bratland sjølv har sett tekst til. * Eg var nøydd til det dersom eg skulle få syngje den, sa han til det nesten fullsette kapellet.
VAKTE ÅTGAUM Annbjørg Lien hadde med seg brødrene Førde sitt brassband sist ho besøkte Svelgen – og då var læta ei heilt anna. Men uansett kva musikalsk gate ho vandrar i er det så reint og så ekte at ein uansett vert trollbunde. Ho hadde denne gongen med seg Kristiane Lund si hardingfele som betyr svært mykje for ho å få spele på. Lund var den første norske anerkjende kvinnlege felespelaren, og å få arve hennar fele ser Annbjørg på som ei stor ære.
KOM TILBAKE
Det var Margunn Indrehus som takka for konserten og ga dei to kunstnarane kvar sin trykk av ei helleristning frå Vingenfeltet – og ei turistbrosjyre frå Bremanger med invitasjon til å komme attende.
|