Svelgen.no | Debatt |
"SVARTE PENGAR" Av: Finn Steinset At eg her brukar nemninga svarte pengar i feil samanheng får så være, men eg fann ikkje betre nemning når eg no ser at Bremager kommune truleg har brukt tusenvis av kroner for å få planlagt korleis ein grøn flekk i Svelgen sentrum skal kome under svart asfalt. Gang på gang har folket i Svelgen framlagt sine ynskjer om korleis dei helst ser denne grøne flekken nytta. Men utan unnatak, kvar gong folket har uttrykt sine ynskjer, har politikarar bede konsulentar om nye utkast på tvers av folkeviljen. Det siste, med ein ankefrist som no 18. Mai gjekk ut, har plan- og utviklingsutvalet fått fram ein plan som skissere kontorbygg, forretningsbygg og parkeringsplassar på området. Om det er politikarane eller konsulentane som har teke laust kan vi ikkje lese av planen , men at fantasien har fått fritt spelerom kan det ikkje vere tvil om. Rett nok skal det ikkje oppførast noko postgirobygg, men når dei skisserte bygningane skal ruve ti og ein halv meter over bakken og i tillegg. Avhengig av tak konstruksjon eit par tre meter til, så vil vi sjå dei att i terrenget. Vi vil heller ikkje misse Samfunnshuset av syns når det kjem opp i same høgda, slik det er skissert opning for. Her skal ein kunne nytte lokalet på gateplan tl forretningsverksemd. Det skal heller ikkje bli vanskeleg å få sette frå seg bilen, i tillegg til dei 260 parkeringsplassane vi alt har i sentrum skal dei grøne flekkane asfalterast slik at 50 nye kjem til. Eit gammalt ord fortel at ein grønskilling kan spørje meir enn 10 vise kan svare, rett nok er dei her berre sju, men eg prøver likevel. Kven er det som har meldt slike behov i sentrum av Svelgen til Plan- og utviklingsutvalet? Når eg går i sentrum syns eg sjå hus som nærast ropar etter å bli bruka til forretningsdrift, kontor etc. Men eg har aldri observert at nokon har leia etter parkeringsplass. Dersom plan og utviklingsutvalet ennå ein gong vel å overprøve folkeviljen, er eg spent på kva argumentasjon dei vil bygge innstillinga til kommunestyret på. FINN STEINSET |