Svelgen.no

Davik-jenter med CD-plate

Dei to Davik-jentene, Tone Bakke (15) og Anita Nybø (15), har gjort det andre ungjenter berre drøymer om: Dei har spelt inn si eiga CD-plate. No ventar dei på at 100 plater skal komme i posten, slik at dei kan få distribuert dei – mest i heimbygda. Men dei har også fått bestilling frå Belgia!

Av Ingrid Elisabeth Haugen

At mange 15 åringar ønskjer å spele inn CD plate, er nok ein realitet. Men dei fleste lar det bli med draumen. Slik vart det ikkje med dei to søskenbarna Tone Bakke og Anita Nybø frå Davik.

Nettavisa Svelgen.no har teke turen til Davik og har avtalt å møte dei to tenåringane på skulenplassen ein sundag ettermiddag. Dei har teke med seg bærbar CD spelar, slik at journalisten skal vete kva ho skriv om. Den flunkande nye CD plata blir lagt i, og vi må berre la oss imponere! Heile konseptet er veldig profesjonelt med eit fyldig lydbilde der ingen kan tru at det er to amatørar som er hovudpersonar.

Korleis har dette kome i stand?

  • Det var vel mora til Tone som fekk idèen då vi skulle ha "elevens val" på skulen. Det går ut på at vi skal arbeide med eit prosjekt eller liknande over ei viss tid. Ho sa at vi kunne spelt inn ein CD. Først syns vi det var ein sprø idè, men etterkvart syns vi den var ganske god, fortel Anita.

SKRIVE ALT SJØLV

Dei to jentene har skrive både tekst og melodi sjølve, og klassifiserer musikken innan ballade/pop.

Då alt materiale var ferdig tok dei turen til Florø der dei spelte inn CD en i studioet til Eirik Husabø.

  • Han var berre heilt fantastisk! utroper begge jentene. Dei fortel at han åleine utgjer "bandet" på CD en og at han har lagt på instrument for instrument for å få den rette "sounden" som det heiter i musikkmiljøet. Sjølv spelar dei begge gitar.

Dei to jentene syns dei tok godt i då dei bestilte 50, men allereie før CD en er komen dei i hende, har fleire bestilt, og dei har like så godt dobla opplaget.

  • Vi har no fått bestilling frå Belgia også. Det var nokon på besøk på skulen frå Italia og Belgia. Han typen frå Belgia vart så begeistra at han betalte med ein gong, og vi måtte love å sende plata straks vi fekk dei, fortel ungjentene.

Med så mange selde eksemplar kan det også hende at prosjektet går i pluss. Dei har betalte 2000,- kroner kvar frå eiga lomme, Davik skule betalte 1000,- og Bremanger VeKsT betalte 5000,-,

  • Utan Bremanger VeKsT si positive haldning, hadde vi ikkje kunna gjennomføre dette, det er i alle fall heilt sikkert, seier Anita.

OPPTRE 17. MAI

No øver dei til framføring 17. Mai, då skal dei synge dei tre songane som er på CD en på folkefesten på ungdomshuset.

Men suksessen til tross, har dei begge beina trygt plassert på jorda. Framtidsutsiktene er klare, Tone skal studere helse- og sosialfag allereie frå hausten, medan Anita tek sikte på å bli advokat. Og sjølv om ho berre går i 9. Klasse har ho sett av ein dag til å følgje ei opa rettssak i Førde for å sjå om det er dette ho verkeleg vil.

  • Når det gjeld musikken er det best å ikkje ha så store forventningar. Det er betre å ta det som kjem enten det går sånn eller sånn, seier dei. Mange har tilrådd dei å sende plata til NRK Sogn og Fjordane, men det dreg dei litt på - så kanskje det må bli på radioen sitt initiativ? Det er det i alle fall verdt!