Svelgen.no |
Ole Paus til Bremanger Bremanger Rockklubb (BRK) har ein del av programmet klart for årets utgåve av den tradisjonelle "Rock-weekend". Ole Paus er ein artistane som har takka ja. Årets Rockweekend går av stabelen 20. - 22 juli. Førstkommande fredag er banda som skal spele klare. På ungdomsarrangementet heiter bandet "Cadillac" og det andre bandet som er klart vert eit gjensyn med "Green Granadas". Sistnemnde med kjende artistar som Odd Erik Lothe frå Fabel. Dei siste åra har kyrkjekonsert på sundag vorte eit fast innslag på Rockweekend. Artisten på årets konsert er Ole Paus og truleg vert det trongt på benkane i Bremanger kyskje. Det siste bandet som entrar scena under årets musikkarrangement på Bremangerlandet er Crowtown. Det seksmann store bandet er fronta av brørne Remi, Richard og Bjøro Hjemmen og musikken dei framfører karakteriserer dei sjølv som "pop via Nashville". For tida jobbar arrangøren med å få på plass artistane til laurdag. Nokre band har dei på blokka, men dei vil ikkje seie kven som er aktuelle. Det er Åge Senneset i Fjordenes Tidende som skriv dette. |