Svelgen.no | Debatt |
Bremanger Vekst Av: Finn Steinset Då eg i dag las Fjordenes Tidende og såg det store oppslag "Kan få lokalt selskap for vedlikehald på verket" og der fann uttrykt frå Geir Gjørsvik i Bremanger Vekst at dersom Elkem Bremanger kvitter seg med 50 tilsette så er det ein fantastisk sjanse for Svelgen-samsunnet til å få til noko sjølv, kom eit uttrukk av livsfilosofen Muhammed meg i hu: "Blindheita er størst hos den som med vilje ikkje ser." Det er nok ikkje mange andre enn Bremanger Vekst som kan applaudere ein arbeidsgjevar som set små økonomiske vinningar føre sine tilsette slik Elkem Bremanger no synes å gjere. Eg hadde venta at Bremanger Vekst, no eit forvaldningsorgan i Bremanger kommune, hadde stilt opp med skikkeleg krav til Elkem Bremanger, gjerne i samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar. Bremanger Veskst sin filosofi "Kvifor la andre styre, når du kan styre sjølv" har liten verdi når dei handlar som etter eit arabisk ordspråk, "Til den hund som har pengar seier man: Herr hund" Eg trudde at tida då ein stod med lua i handa var forbi. Eg er einig i at Bremanger rkommune i den grad dei har ressursar og kompetanse bør stille denne til rådvelde for dei tilsette i ein vanskeleg situasjon. men kravet til Elkem Bremanger frå Bremanger kommune må vere klinkande klart; Elkem Bremanger må, dersom dei gjennomfører avvikling av si vedlikehaldsavdeling, og dei tilsette ønskjer å overta, hjelpe til aktivt i ein oppbyggingsfase med kampetanse. I tillegg på gunstige vilkår overlate nødvendige bygningar, maskiner og verktøy til ei slik ny verksemd. I tillegg må ei slik nystarta verksemd blir garantert vedlikehaldet på Elkem Bremanger i år framover. For kva hadde Elkem Bremanger vore om ikkje dei tilsette og lokalsamfunet gjennom åra hadde stilt opp for verksemda? Dei fleste konsesjonsvilkåra som i si tid vart stilt til verksemda. har samfunnet gradvis overteke byrdene av. No har ikkje det, etter mi vurdering vore nokon feil, men nødvendig om verksemda skulle makte gå vidare. Samfunnet og dei tilsette gjennom sine organisasjonar har og stilt opp når tilstrekkeleg kraft til overkommelege prisar skulle sikrast. Så eg kan forsikre Geir Gjørsvik, dagleg leiar i Bremanger Vekst om at Svelgen samfunnet og har fått ting til. No bør Elkem Bremanger stille opp å gjere gjengjeld. At Elkem, som eit av norges største industriselskap bør vi kunne forvente eit større samfunnsansvar enn dette ser ut for. |